Tekst: Gunda Djupvik, Seniorrådgiver fasilitetsstyring.

Effektiv arealbruk, og historia om korleis NAV har utvikla og implementert eit arealkonsept som både brukarane og dei tillitsvalde har teke eigarskap til, får du høyre meir om på FM-konferansen i Oslo 18. oktober 2022.

Då pandemien traff oss hamna dei fleste kontorarbeidsplassar i den eine av to kategoriar: Enten hadde dei komme opp å stå med digitale løysingar, kommunikasjonskanalar og flater, eller så hadde dei ikkje det. Dei som ikkje hadde komme så langt måtte gjennom ein smertefull fase med pc-transport, hastekjøp av programvare, intensiv opplæring og prøving og feiling. Ressursbruken treng vi ikkje snakke om ein gong, alle forstår at det svei både økonomisk og produktivitetsmessig å ikkje stå klar med fungerande løysingar då Norge stengte ned.

Kva vil dei unge ha, når dei kjem ut i arbeidslivet? Dei har iallfall dei digitale flatene og kommunikasjonskanalane som ein utvida del av sitt DNA.

Då vi kom tilbake på kontoret hamna også kontorarbeidsplassane i to kategoriar: Dei som hadde gjort tiltak for å legge til rette for ein hybrid arbeidskvardag, og dei som ikkje hadde det. Dei som fekk dette til å fungere raskt var dei som allereie hadde etablert aktivitetsbaserte løysingar. I dag ser vi at arealbruken, flyten og samhandlinga i kontor der ein har høg grad av fleksibilitet fungerer svært godt. Vi er bortskjemte med god plass rundt oss, men når vi møter «toppane», som i praksis er tirsdag-torsdag 10-14, så klarer bygga godt å absorbere alle som vil på jobb.

Samtidig hadde vi ikkje alle mann alle på plass før pandemien heller. Tellingar utført i 2018 og 2019 viste at vi stort sett var rundt 40-45% på plass i kjernetida. Resten av tida var vi på reise, i møte eller jobba frå andre plassar enn kontoret. At mange bedrifter allereie då jobba fram arealkonsept som ga fleksibilitet, arealeffektivitet og arbeidsglede var med på å gjere at tilbakekomsten til kontoret har vore mindre utfordrande enn ein kunne frykte.

Kva vil dei unge ha, når dei kjem ut i arbeidslivet? Dei har iallfall dei digitale flatene og kommunikasjonskanalane som ein utvida del av sitt DNA. Samtidig har dei lært samhandling og det å skape ting i lag frå barnehagen og framover.

Sommaren 2020 hadde mi eiga datter sommarjobb hos IT i NAV. Eg gjekk opp i etasjen der dei sat for å finne henne, og det som møtte meg var 30 ungdommar tidleg i tjueåra som låg og sat, som hadde vore rundt i bygget og «plyndra» møblar, puter, skjermar og anna moro, og så hadde dei bygd sin eigen arbeidsplass. Så kreativt, så spennande og sikkert også stimulerande for dei prosessane dei var oppe i. «Vi vaksne», som byggdriftarar ofte er, kan nok irritere oss over møbelplyndring og visuelt kaos, men det er dei som vinn. Vi er snart ute, dei er på veg inn.

Effektiv arealbruk, og historia om korleis NAV har utvikla og implementert eit arealkonsept som både brukarane og dei tillitsvalde har teke eigarskap til, får du høyre meir om på FM-konferansen i Oslo 18. oktober 2022. Der får du også møte Johanna Årberg, som er relativt fersk ut frå studia, og som no jobbar med eigedomsforvalting hos Ahus. Ho vil utfordre «oss vaksne» med tankar om korleis bygga våre bør driftast i framtida for å møte dei unge, engasjerte og kunnskapsrike arbeidstakarane vi håper å kunne rekruttere.

Velkommen tilbake til FM-konferansen i oktober 2023!

Relaterte artikler

FM-konferansen 2024, 17. oktober i Oslo

FM-konferansen 2024, 17. oktober i Oslo

17. oktober på Christiania Qvartalet Møtesenter, OsloFM-konferansen er en årlig møteplass for private og offentlige eiere, forvaltere og driftere, deg som har ansvar for et velfungerende virksomhetsmiljø i kjernevirksomhetene. Facility Management er en viktig del av...

les mer
Kurs: Samspillkontrakter

Kurs: Samspillkontrakter

I kurset vil vi gå igjennom de viktigste problemstillingene og streke opp hvordan man kan løse dette i et kontraktsforhold. Du vil både få en teoretisk gjennomgang og eksempler fra det virkelige liv. Få kunnskapen du behøver av våre meget dyktige forelesere Lasse...

les mer
Kurs for deg som jobber med bevaringsverdige bygg

Kurs for deg som jobber med bevaringsverdige bygg

I samarbeid med Fabrica kulturminnetjenester har vi gleden av å tilby 3 digitale temakurs som gir deg kunnskap om vernebestemmelser og praktisk forvaltning og utvikling av bevaringsverdig eiendom. Kursene henvender seg til en rekke fagfolk involvert i bevaringsverdige...

les mer